Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Lat Espa få ha skulen sin

Publisert: 14.feb.2017 22:39
Oppdatert: 14.feb.2017 22:41

Det er ein uting å avgjera korleis ungar skal ha det på skulen med å skjele til pengesekken. Det er absolutt ikkje slik det skal vera.

Eg meiner at vi her på Tangen må tenkje på korleis vi vil reagere om denne trenden skal halde fram. Ein vakker dag er Tangen skule for liten og dei påstår, for å ha sitt på det tørre, at det blir betre pedagogisk miljø om ein kjem til Stange. Eg som vart mobba på Stange realskule, vil sjølvsagt protestere kraftig – men kva med det?

Tang’sokningar: Vi har berre ein ting å gjera, og det er å støtte folka på Espa fullt ut når dei vil ta vare på skulen sin. Det er klart for meg at små skular er det beste, både for det faglege miljøet og det menneskelege. Ja! Fagleg var Tangen skule mange mange gonger betre enn Brandengen skule i Drammen. Nettopp avdi klimaet mellom elevane er så utruleg viktig for at dei skal vilja lære.

Men Brandengen skule var STOR – og skulle ein tenkje pengar, så ville dei som sat i styre og stell nok finne fram til pedagogiske argument for den. Ein stor skule kan truleg ha råd til fleire hjelpemiddel, og da må den vera betre pedagogisk, ikkje sant?

Men det blir ikkje fullt læringsutbytte for elevane dersom dei har det så vondt på skulen at dei nærmast ikkje orkar å gjera lekser heime. Avdi leksene minner ein om skulen, og ein vil helst fortrengje alt som har med skulen å gjera den tida ein er heime. At det gjerne blir verre med mobbing når skulane blir store, er, trur eg, eit resultat både av at lærarane har mindre oversyn og at: Di fleire det blir på same alder, di meir kunstig er miljøet i utgangspunkt, og di meir «avreagerer» ungane med å gjera det verre for kvarandre.

Difor seier eg: Både menneskeleg og fagleg sett har eg opplevd at det er godt med dei mindre skulane. Eg er i tillegg fullt klar over at lærarar sjeldan oppdager mobbing av seg sjølv. Det kan gå føre seg i årevis utan at lærarane veit det. Eg har opplevd ein lærar som fanatisk påstod at det ikkje var mobbing på «hans» skule – og det var dramatisk vondt for enkelte på nett den skulen.

Lat Espa få ha skulen sin!

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke