17. sep
TREVIRKE: Innlandet må bli ein motor for treindustrien.Foto: Arnt Olav Velten
 
Ledende i landbruk, motor for treindustri
Det har vore noko skriveri og prat om kva vårt nye fylke skal heite og vi har bestemt oss for å kalle det for Innlandet. Innlandet fylkeskommune.

Publisert: 24.jan.2018 16:28
Oppdatert: 24.jan.2018 16:37

Fleire tykkjer dette namnet både er tørt og beint fram usexy. Det finnes heldigvis mange alternativ og eg nemner i fleng: Opplandene, Opplanda, Hedmark og Oppland, Oppland og Hedmark og så bortetter. Det er difor særs merkeleg at vi landa på Innlandet, når bornet kunne blitt kalla så mykje anna nyskapande.

Det er vel uansett ikkje så mykje meining i spekulere i namn når samarbeidsavtala er vedteke. Det som ein derimot kan og bør meine noko om, er kva retning vi skal stake ut etter to fylke blir eitt i 2020. Dei viktige diskusjonane dreier seg ikkje om kva kontor som ligg kvar, dei dreier seg om kva politiske ambisjonar vi set oss på sikt. Korleis skal det vere å bu og leve i dette fylket i 2024? Det er ein interessant politisk dugnad eg vonar alle vi 384 000 som er innbyggjarar her, vil delta i.

Ein rask kikk i styringsdokumenta til begge fylka syner tydleg at Hedmark og Oppland tek del i det grøne skifte og har klare ambisjonar om å ta grep for auka bærekraft. Som arbeidarpartipolitikar, ungdom og innlending vonar eg vi vidareførar desse måla og blir det ypparste bærekraftfylket i Noreg. Bærekraftfylket Innlandet.

Mange tenkjer at utsleppskutt er analogt med bremsing og stagnasjon. Men det er heldigvis ikkje petroleumsreservoar under Mjøsa. Vi har derimot skog, matjord og nokre av dei vakraste fjellområda i landet. Verdien på desse ressursane aukar i takt med klimaendringane. Som fylkeskommune må vi legge til rette for bærekraftig forvalting som gir fleire arbeidsplassar og auka omsetjing i landbruket og i kompetansemiljøa rundt Mjøsa.

Innlandet må bli leiande på bærekraftig landbruk og ein motor for treindustri. Vi må produsere biodrivstoff av husdyrgjødsel og ikkje nøye oss med å vere klimanøytrale. For i Innlandsskogen har vi fangstanlegg for CO2 som kan binde tilsvarande 12 prosent av Noregs årlege utslepp.

Innlandet har moglegheit til å posisjonere seg svært strategisk i det grøne skiftet. Med Kina som stadig vender attende til Lillehammer for å knekke OL-koda og snøsikre skidestinasjonar har vi stort vekstpotensiale. Det er lite som er usexy med Bærekraftfylket Innlandet og saman går vi ei svært spanande tid i møte.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke