Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
 
Legg togstallen inni Furuberget
Jernbanedebatten i Hamar.

Publisert: 08.sep.2015 04:00
Oppdatert: 08.sep.2015 09:05

Eg ser at Jarnbaneverket ønskjer seg parkeringsplass for Intercity-tog på eit dyrka område ved Brumunddal. Til slik parkering trengs det jo eit relativt flatt område, og dei fleste slike er jo dyrka her på Hedemarken. Utviding av sporet til dobbeltspor vil krevja mykje matjord, som mange gonger er vanskeleg å unngå. Derfor må vi unngå det når vi kan.

I dette tilfellet kan vi det: Gjennom Furuberget er det ingen diskusjon om det skal byggjast ny tunell for dobbeltsporet. Utvid den tunellen til å romma to eller tre spor ekstra i ein 3-400 meters lengde inni fjellet.

Lag ein transporttunell ut til den svære gropa etter Steens kalkbrenneri, og tøm massen der. Da vil eg tru at Franzefoss gjerne vil betala noko for å få alt det kalkberget ferdig broten og lagra. Kanskje det kan finansiera noko av kostnaden ved den utvida tunellen?

Denne løysinga krev inga dyrkamark, er nærare Hamar, krev inga inngjerding, og den har tak, slik at ein ikkje treng å grava fram togsetta på morgonen på vinterstid! Og togsetta vil ikkje vera nedfrosne på vinterstid, eller solbakte på sommaren.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke