16. sep
 
Levande distrikt

Publisert: 05.mai.2017 22:39
Oppdatert: 05.mai.2017 22:43

Sentraliseringa dei seinare åra har ført til at distrikta har mista viktige arbeidsplassar. Å flytta makt lengre unna der folk bur er eit åtak på lokaldemokratiske ideal. Eg skal nemne nokre område som er viktig for å ta vare på for å oppretthalde busetnaden i distrikta.

Lokalsjukehus med akuttkirurgi. Gode og likeverdige helsetenester er eit vilkår for gode bumiljø i distrikta. Den indre samanhengen mellom kirurgi, radiologi, anestesi, indremedisin og laboratorietenester er eit vilkår for å skapa levande distrikt. KrF vil sikre slike sjukehus på Tynset og Kongsvinger om det og vert etablert eit storsjukehus på Hedmarken.

Breidband. Kommersielle utbyggjarar er i full gang med utbygging av fiber i tettstader og byar i fylket vårt. KrF vil sikre eit slikt tilbod av god kvalitet til alle husstandar også der desse utbyggjarane ikkje finn lønnsemd i å leggja til rette for slikt! Ei slik utbygging vil og kunne vera med på å skapa levelege vilkår innanfor privat sektor og gjera sitt til at det vert ei grøn omstilling, nasjonalt og internasjonalt.

Sikre eit variert og mangfaldig landbruk. Vi produserar mat med høg kvalitet her i landet. Det er viktig å verna om den produksjonen. Skal vi lukkast i å auke den, må vilkåra for å drive slik produksjon leggjast betre til rette! Heile landet må takast i bruk for å nå den målsettinga. KrF vil gjere sitt til at bonden vågar å satsa gjennom å skapa gode velferdsordningar og sjå til at avløysarordninga er så god at bonden og kan leva eit godt familieliv.

Jordvern og driveplikt er sentrale element i å sikre at matjorda vert brukt til matproduksjon. KrF vil verna om desse ordningane. Vi vil og sikra rekruttering til næringa. Då må inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet utliknast. Det kan berre skje ved at bonden får meir enn andre grupper i lønnsauke gjennom jordbruksoppgjeret. KrF vil gjera sitt til at dette kan verte ein realitet.

Transporttenestene. KrF sitt mål er at alle grupper i folket skal ha lik tilgang til slike tenester og kunna leve eit aktivt liv med full deltaking i samfunnet. Difor vil KrF leggja til rette for forsøk med fleksible transportordningar, slik som «distrikts(mo)bilen» og slik gje eit økonomisk insitament for å kunne tilby transporttilbod i område utan tilstrekkeleg passasjergrunnlag for ordinære ruter.

Auka midlar til regional verdiskaping. Innovasjon og næringsutvikling er ei viktig oppgåve for distriktsdemokratiet. Reduksjonen av midlar på dette området svekkar næringslivet og utviklingskrafta i kommunane, vesentleg. Det svekkar og lokaldemokratiet. Ei slik utvikling vil KrF arbeide aktivt i mot. KrF vil og sjå til av kvinneleg gründerverksemd vert stimulert slik at nye verksemder kan få levelege vilkår i regionane.

Førstekandidat til Stortingsvalet 2017 Hedmark KrF

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke