Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
22. sep
Vekst: Penger og mer vekst. Men det fins ei grense, skriv Olav Skipnes.
 
Ligg vekst i genane?
Vekst: Det er nødvendig å få slutt på veksttankegangen.

Publisert: 28.okt.2018 18:36
Oppdatert: 28.okt.2018 18:50

Vekst og utvikling er to positive ord som mest blir brukt av alle politikarar og næringslivsleiarar. Det er to ord som har ein så positiv klang, at når dei blir nemnd, nikkar alle. Kommunane vil ha vekst og utvikling, og dei har gjerne ei målsetjing om ein fast prosent pr. år. Politikarane vedtek dette, sikkert etter forslag frå administrasjonen, og når vedtaket er på plass, må rådmann og ordførar planleggja slik at dette kan oppfyllast.

Kva kan grunnane vera til at det har blitt slik at vi vil ha stadig vekst, sjølv om vi veit at grensa snart er nådd? Dette gjeld både folketalet, kommunalbudsjettet, velstanden og nasjonalproduktet. Og når vi får motorveg og dobbeltspora jarnbane til byen vår, er det meir for å få meir folk hit, enn at vi som bur her i dag skal få eit betre liv. Den øydelegg matjorda vår i sentrale strok, og legg verdifull matjord og beiter brakk i grisgrendte strok. Den fører til kø, prisstigning og sosiale spenningar der veksten blir for sterk, og til utarming og pessimisme i fråflyttingskommunar. Likevel vil «alle» ha vekst.

Denne viljen til vekst synes å vera så inngrodd i oss at det kan verka som den ligg i genane våre. Og genane vi har, er eit produkt av ei svært lang utvikling, sikkert heilt frå livet vart skapt. Viss vi avgrensar oss til den tida menneska har gått på jorda, har vi kjempa for å fange mat, og vi har kjempa mot kvarandre. Dei som vann, var gjerne dei som kunne fylka den største hæren og hadde dei beste våpena. Da vart det vesentleg å slå seg saman med dei som hadde nokolunde like interesser, og bli ein stor flokk. Dei store flokkane overlevde, og kunne føra menneskeslekta vidare. Å organisera seg i store einingar har derfor gjennom tida vore ein vinnaroppskrift. Store byar har dominert dei mindre, og store land har dominert over dei små.

Men oppi alt dette har ein sivilisasjon oppstått, der vi ikkje lenger høgg hovudet av ein vi har ei usemje med, eller er svakare, eller mindre enn oss. I fleire og fleire samfunn har vi fått lovar som styrer samkvemmet mellom menneska, og vi har fått lovar og rettar internasjonalt som prøver å unngå at land går til krig. Og i vår del av verda er det heilt slutt med at byar krigar mot kvarandre.

Det er derfor ikkje eit overlevingskrav at vi skal vera mange, nei det ser ut til å vera ei leivning frå ei tid utan lov og orden. Det er utenkjeleg at byane rundt Mjøsa vil gå til krig mot kvarandre, men likevel strevar vi mot å veksa mest.

For å få slutt på denne vekst-tankegangen, må i første omgang kommunane slutta å investera slik at nye skattebetalarar trengs for å nedbetala det som alt er investert. Og vi må tola at nabobyen veks meir enn oss dersom den ikkje er omringa av matjord. Både Gjøvik, Lillehammer, Moelv, Ådalsbruk, Elverum og Tangen ligg slik til.

Og mange av desse er store nok i dag til å vera tiltrekkjande og velfungerande bysamfunn. Slik kan dei kanskje ta av litt for den store folkeveksten i Oslo. Og så må region Innlandet stimulera desentraliserte småsentra rundt omkring, slik at dei kan tilby dei tenestene og opplevingane folk i alle aldrar ønskjer til kvardags. Innpendling til desse vil sjølvsagt i framtida gå med elbil og buss.

Alle veit at vekst i folketal og forbruk ikkje kan halda fram i evig tid. Det er ein sikker veg til Ragnarok, der alle krigar mot kvarandre for å få tak i mat, vatn, buplassar, energi og mineralressursar. Det vil bli ein lite lysteleg slutt for menneska si epoke på Jorda. Men eg har tru på at fornuft og medkjensle i god tid før dette fører til ein slags kontroll over det øydeleggjande «vekstgenet» vårt.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke