17. sep
 
Like realistisk som «Korridor 2»

0
Publisert: 24.jun.2015 04:00
Oppdatert: 24.jun.2015 08:18

Eg ser i HA på laurdag at «Folkeaksjonen for jernbanefri strandsone i Hamar» uroar seg for at ugreiing av «Nedsenka H1» skal gjera utgreiingsarbeidet tyngre for Jarnbaneverket.

Det vil heilt sikkert by på meirarbeid for dei, men ikkje mykje meir enn det meirarbeidet dei alt har fått av å greia ut «Korridor2», som jo Folkeaksjonen har fått medhald i.

Dei to alternativa er slik eg ser det, svært like. Nedsenka H1 vil krevja ein lenger vasstett kulvert enn Korridor 2, men unngår heilt utgraving/tunnell under etablert by. Korridor 2 vil rasera store delar av Austbyen viss den blir lagt i open skjering. Viss ein skal unngå det, må banan senkast før den går inn i ein underjordisk tunnell ved Stangebrua. Det krev kulvert frå nordsida av Åkersvika. Korleis grunnen er for ein tunnell under Austbyen veit ikkje eg, men det er i alle fall djup myr ved CC.

Så begge desse alternativa, som eg ser på som dei beste for byen, er kostbare og kompliserte, og fører kanskje til at byen til slutt får å velja mellom H1 i dagen, eller Korridor 5, aust for byen. Jarnbaneverket har brukt vikarierande argument for å sleppa å greia ut alternativet Nedsenka H1; dei seier at det strir mot Ramasaravtalen å laga kulvert gjennom Åkersvika. Til det er å seia at det alternativet eg har levert Jarnbaneverket, har ingen kulvert i Åkersvika; den byrjar først når banen når land på nordsida.

Ifølgje referatet i HA frå ei orientering frå Jarnbaneverket til kommunepolitikarane i vår, såg dei ein 60 meter brei kulvert nordover frå Hamar stasjon som urealistisk. Da lurar eg på kor mange spor dei tenkjer å ha ut frå stasjonen i Hamar? Trur dei dei kan skremma politikarane til å sitja stille? Argumenta dei elles brukar, er «tas ikke til følge» eller «utredes ikke».

Slikt er tynne saker, og lovar ikkje godt for Jarnvegsløysinga i Hamar. Rådmannen har foreslått eit kompromiss: Bygg tunnell under Hamar Vest, og senk sporet frå Hamar stasjon, slik at tunnellinnslaget blir under bakken ved Bryggeriundergangen. Korleis dette blir forbi Hamar sentrum hadde kanskje også vore interessant å fått ei utgreiing om? Eg er i alle fall villig til å strekkja meg eit stykke for å sleppa å få stasjonen langt frå sentrum, i grensa til eit fuglereservat, og med dobbeltsporet vidare gjennom Hedemarkens verdifulle matjord.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke