17. sep
Lyrikk: Knut Ødegård med historikk. Foto: Kjell Herskedal , NTB SCANPIX
 
Litt festivalhistorikk
«Lar hundre bokfestivaler blomstre» skriv kulturredaktør Geir Vestad 4. mars med ein smilande tanke til formann Mao med sine hundre blomar.

Publisert: 10.mar.2016 11:00
Oppdatert: 10.mar.2016 12:19

Eg er samd med han i mangt, men må korrigera hans festivalhistorikk:

Den eldste lyrikkfestivalen i Noreg var nok Lyrikkstemnet i Molde som vart grunnlagt av meg saman med Edvard Hoem og Svein Gundersen. Det fyrste «stemnet» – eller festivalen – vart arrangert i 1966.

Les også:Lar hunder bokfestivaler blomstre

Dette vart grundig referert i Dagbladet av Simen Skjønsberg og omtala også der som «landets første lyrikkstevne». Aftenposten skreiv at «tanken om et lyrikkstevne ble født over en kaffekopp på Kaffistova, og det er to meget unge moldensere, Knut Ødegård og Edvard Hoem, som har vært de drivende krefter bak arrangementet.»

Dette var faktisk store arrangement, men eit par tusen tilhøyrarar, og med forfattarar som Jan-Magnus Bruheim, Peter R. Holm, Harald Sverdrup, Marie Takvam, Ragnvald Skrede, Bjarne Slapgard og Simen Skjønsberg. Visesongarar og musikarar hadde vi òg, til dømes Alf Cranner i fabelaktig samspel med Sverdrup. Neste år hadde vi Einar Økland, Paal Brekke, Gert Nygårdshaug, Kari Bakke, Halldis Moren Vesaas og visesongarane Mimmi Hedstrøm og Astri Luihn.

Etter kvart gjekk lyrikkstevnet inn som arrangement under storebror Moldejazz, men det vart eit fortsatt liv.

Når det gjeld Bjørnsonfestivalen, var det eg som tok initiativet til den og var festivalsjef/president frå 1992–2001. Eg vart beden om å arrangera litteraturprogram i samband med byens 250-årsjubileum, men fann ut at her kunne Molde etablera den store norske litteraturfestivalen.

Og slik vart det, eg fekk mine fullmakter: I mi tid var vi landets leiande internasjonale litteraturfestival, mellom anna med fleire nobelprisvinnarar saman med ei lang rad store namn frå verdslitteraturen. Det er vel heller ingen tvil om at dette er den fyrste verkeleg internasjonale litteraturfestivalen i landet. Så tok Lillehammer over leiinga.

Kva gjeld Rolf Jacobsen-dagane, skjedde noko liknande: Eg vart, som «adoptert» ekstrason av Petra og Rolf, beden om å vera med på å arrangera program i samband med hundreårsjubiléet for Rolfs fødsel i 2007. Det var faktisk min idé å gjera dette til ein fast lyrikkfestival, og eg var kunstnarleg leiar dei fyrste åra.

Eg meiner framleis at denne festivalen på Hamar bør kunne vera den vektigaste lyrikkfestivalen i landet. No er det unge entusiastar på plass, som veit at i vår tid er poesien nærmast utrydningstruga – og at det er uhyre viktig å ha ein stor og overtydande manifestasjon av poesiens kraft og unike språk i form av denne festivalen. Det må vera plass for hundre blomar og hundre poesifestivalar, men det bør vera éin som er stor nok og vektig nok av kvalitet til å ruva i internasjonal samanheng. Hamar kan klara dette.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke