Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Lokalpolitikarar som ikkje kan lese?
Språk

Publisert: 07.sep.2016 04:00
Oppdatert: 07.sep.2016 09:23

Dialekt i staden for nynorsk. Med Truls Gihlemoen har det komme ein ny Don Quijote på banen som vil redde elevane frå nynorsken. Som dialektbrukar, språkforskar, norsklærar og som leiar av eit dialekt- og mållag argumenterer eg alltid for at ein skal bruke dialekta si. Lokalpolitikarane bør gjere ein innsats for å verne om dialektene og den lokale identiteten, men bland no ikkje korta!

LES OGSÅ: Vil erstatte nynorsk med stangedialekt

Bokmål og nynorsk er dei to offisielle norske skriftspråka våre. Grunnlova finst på bokmål og på nynorsk, men ho vil neppe nokon gong finnast på Stange-dialekt eller noka anna dialekt. Dei offentlege læreplanane legg opp til at alle (med nokre få unntak) skal meistre både bokmål og nynorsk for å kunne delta på alle nivå i samfunnet. Dette handlar ikkje berre om kunnskap, men også om demokrati. Ein blir ikkje ein føregangskommune ved å velje bort den eine målforma.

Den gjeldande læreplanen, Kunnskapsløftet, krev at alle elevane skal meistre bokmål og nynorsk, men det er også eksplisitte kompetansemål knytte til dialekt;

2. årstrinn: samtale om begrepene dialekt, bokmål, nynorsk;

4. årstrinn: beskrive eget talemål og sammenligne med andres;

7. årstrinn: gi eksempler på noen likheter og forskjeller mellom muntlig og skriftlig språk; sammenligne talemål i eget miljø med noen andre talemålsvarianter og med de skriftlige målformene bokmål og nynorsk;

10. trinn: gjøre rede for noen kjennetegn ved hovedgrupper av talemål i Norge, og diskutere holdninger til ulike talemål og til de skriftlige målformene nynorsk og bokmål; forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer, og gjøre rede for språkdebatt og språklig variasjon i Norge i dag;

etter Vg3: gjøre rede for særtrekk ved et utval norske talemålsvarianter og reflektere over forhold som kan påvirke utviklingen av talemål.

Dersom Gihlemoen hadde lese læreplanen, hadde han sett at ein faktisk skal jobbe med dialekt gjennom heile skoleløpet. Ein treng ikkje å late som om ein er ein riddar som kjempar for at elevane skal få lov til å bruke dialekta si.

Når så Aasa Gjestvang blir sitert på at ho vil be Stortinget opne for dialektundervisning i skolen, er det direkte skremmande. Er det da ingen av politikarane som kan lese læreplanen? Kva har Gihlemoen å vinne på ved å rakke ned på nynorsken? Ein bidreg ikkje akkurat til at elevane får meir motivasjon, når ein påstår at nynorsk er eit unaturleg og overflødig fag. Dette er offentleg mobbing av fleire hundre tusen nynorskbrukarar. Og så meiner ein at ein vil vere ein føregangskommune? I mobbing?

Dersom det er slik at Stange er langt nede på lista over resultat i skolen, kjem det kanskje av at ein har politikarar som sjølve ikkje har kunnskapar nok til å kunne lese læreplanane, og som heller vel å mobbe andre språkbrukarar. Er det den type skole vi ønskjer oss?

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke