hacklink
buy instagram followers
19. sep
 
Må senka H1 gå i tunell heilt frå Ottestad?
Eit samstemt Hamar kommunestyre spurte 17. juni om dei kunne få ei nærare grunngjeving for kvifor Jernbaneverket hadde forkasta alternativet «Senka H1» forbi stasjonen. I mellomjula fekk Hamar svar.

Publisert: 12.jan.2016 04:00
Oppdatert: 12.jan.2016 09:36

Der svarar Jernbaneverket (JBV) på kor vanskelig og dyrt det vil bli å leggja banen i tunell og kulvert helt frå Ottestad, gjennom Åkersvika og under Hamar stasjon i eit djup av 14 meter. Så vidt eg kan sjå, har ingen spurt om dette. Men vil ein ha det riktig dyrt og komplisert, kan ein jo svara slik.

Dei stigningskrava som gjeld, gjer jo at ein kan byrja nedstigninga når ein kjem over Åkersvika. Da er ein nede på 7,8 meter ved «Olympiabrua» 250 meter aust for stasjonen. Er kulverten sju meter høg er det da plass til eit 0,8 meter tjukt kulverttak over. Dette blir tre kilometer mindre kulvert/tunell enn det JBV har rekna på for kommunen, og ca. 1,5 km meir enn dei sjølve foreslår i sitt alternativ for H1 (3b), der dei går ned i kulvert nord for stasjonsområdet.

Les også: Om jernbanetroll

Sjølvsagt blir dette dyrare enn sporet i dagen, men blir det fem milliardar dyrare enn alternativa dei skal gå vidare med? Det kan godt vera at det blir fem milliardar dyrare enn sporet i dagløysing langs noverande trase til Furuberget, men det er vel ikkje aktuelt lenger?

Og så må JVB sjå kostnadene mot innteningspotensialet i å frigjera dagens sporområde:

1. Det blir plass til ein romsleg trafikksentral for bussar, drosjar og syklar.

2. Det blir plass til mange bustader oppå kulverttaket. Her får ROM Eiendom gratis tomt til mange at dei husa staten og Intercity-planen ønskjer seg nært til stasjonen. Slikt blir det både leigeinntekter av, og mange framtidige trafikkantar!

3. Smedvig-gruppen får endeleg brulaust vegsamband til Espern-området, noko som vil føra til ei svær utbygging, og enda fleire togpassasjerar.

4. Eg meiner at med den spreidde busetnaden det er på Hedmarken, vil mange ha bruk for bil for å koma seg til stasjonen. Eit parkeringshus, gjerne berre for el-bilar, passar inn oppå stasjonen. Med alt ein får til på data i dag, skulle det ikkje vera noko problem å reservera seg plass der når ein kjøper billett (på nett til dømes). Slik kan ein halda P-huset reservert for berre togreisande.

5. Den idylliske Tjuvholmen får også vegsamband utan undergangar. Da kan ein bruka fyllmassar frå jarnvegsutbygginga til å gi den ei slik utforming at den blir eit Koigen i stort format, eit friluftseldorado for rekreasjon, båtliv, soling og bading, og ha plass til ein bynær campingplass.

6. Og til slutt: Byen får opna seg mot Mjøsa, og Koigen blir ikkje rørt.

Det eg ville ha visst, er kor mykje dyrare det blir å forlenga den påtenkte kulverten frå Hamarbukta til Åkersvika. Eg vil tru det var dette politikarane i Hamar ville veta.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke