Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
22. sep
 
Misforstått og uten svar

Publisert: 28.okt.2016 18:29
Oppdatert: 28.okt.2016 21:17

Øystein Krogsrud svarar meg 21. oktober, og meiner eg har misforstått, slik at det ikkje trengs å svare meg. Eg forstår han slik at han meiner at viss JBV betaler 30.000 kroner for matjorda dei skal ta på Børsted og Tommelstad, så er det greitt, for bønder i Stange kan nydyrka i hamnehagane sine for denne summen, eller ein kan gjera avbøtande tiltak i Stange. Men denne prisen har han tydelegvis ikkje tenkt skal brukast på dyrkamark generelt. Eg har altså misforstått dette slik at viss ein utbyggjar vil betale 30.000 pr mål, så var det berre å forsyna seg av Børstad og Tommelstad, og dei neste gardane som kjem under utbyggingspress.

Det var godt at han ikkje meinte det, for det er slik mest all nedbygging av matjord går føre seg. Kvar gong ein veg blir flytta på eller nybygd, eller ein ny togtrasé kjem, blir gardsbruk forringa ved at jorda blir meir oppdelt og tungdriven. Da blir terskelen for å selja lågare, og når utbyggingskåte politikarar eller utbyggjarar seier dei har lyst til å kjøpa, får dei lettare napp.

Vi ser i avisa at leiaren i Hamar Arbeiderparti har lyst til å ta over gardane vest for E6 til utbygging, og SV-politikaren Trond Kjernli seier jorda vest for E6 er verdilaus til matdyrking, så det er fritt fram for all slags nedbygging (HA 13. oktober). Han går så langt at han meiner EU snart vil nekta oss å dyrka mat på slike areal som ligg på ei ”trafikkøy på Børstad”, og som blir ureina av trafikken på E6. Med slike resonnementet hos politikarane våre er det ikkje vanskeleg å finna nye og framtidige utbyggingsareal! Og vi kan byrja aust for E6, for der er jo jorda like ureina av E6 som på vestsida! Og så har vi aust- og vestsida gjennom Stange og Ringsaker, og langs mange andre vegar med trafikk.

Og slik kan vi halda fram, og det er slik vi har halde på i tusenvis av år; Byane har starta som ein lageleg handelsplass for matvarer frå sjø og land. Deretter har dei esa utover landskapet rundt, og dei gjer det over heile verda.

På grunn av TV og Internett, er vår generasjon den første som får sjå korleis det står til med kloden vår. Eg trur alle i sine stille stunder forstår at dette ikkje kan halda fram til evig tid, og sidan vår generasjon har blitt vist korleis stoda er, har vi eit spesielt ansvar, og kanskje spesielt vi som bur midt i matfatet vårt. Og dette heng også uløyseleg saman med tanken om at alt skal veksa og bli stadig større.

Korleis skal vi få ei mjuk landing for denne tanken om evig vokster? Eg trur ikkje dei som reknar seg som jordvernarar åleine, kan finna løysinga her. Det må skapast ein arena der dei ulike synsmåtane kan møtast, både jordvernarar, rådmenn, politikarar og filosofar. Ei slik samtale kan ikkje gå føre seg berre i Hamar, her trengs samtaler på alle nivå, men det er kanskje ein tanke å starta i Hamarregionen?

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke