hacklink
buy instagram followers
19. sep
Jarnbane: Utbyggingssjef Lars Eide viste fram alternativ for alternativ øst. Foto: Eli J. Haugen
 
Mjøsby og jarnbaneby - ja takk, begge delar
Vi i Kulvertgjengen meiner vi kan få både i pose og sekk med den kulvertløysinga Bane Nor no tydelegvis jobbar med.

Publisert: 20.jun.2019 15:17
Oppdatert: 20.jun.2019 15:32

Deira senka kulvert ser no ut til å ha kome så djupt at den går inn i fjelltunnel før den kjem til Bryggeriundergangen. Og utbyggingssjef Lars Eide viser i følgje HA 13. juni at dei no har fått kulverten over Hamarbukta så djup at det blir samanhengande vatn mellom bukta og Mjøsa.

Det er ein bra framgang, sjølv om det ikkje står kor brei og djup kanalen blir inn til bukta. Litt meir arbeid med spor og plattformer kan derfor redda Hamarbukta. Og med Espern og godsområdet på stasjonen som nye utbygde bydelar, vil vår gamle, ærverdige stasjon liggja mest midt i byens «city».

Ekspertane på byutvikling i Noreg ser ut til å vere usamde om kva retning innlandshovudstaden skal utvikla seg i. Butenschøn meiner tydelegvis at vi no «har gått fra arbeidets byer til fritidens byer». Vi er redde for at viss Hamar først og fremst vil satsa på å bli ein fritidsby, vil vi måtte gi opp ambisjonen om å bli Innlandshovudstaden.

Vi må ikkje gløyme at det er arbeid vi lever av, og da må vi ha begge deler; både ein by med arbeids- og skoleplassar, og det gode fritidstilbodet samlivet med Mjøsa byr på om sommaren. Men det er andre ekspertar på byutvikling som åtvarar oss mot å bli for opptekne av at ferielivet kan fylla heile året:

Erling Dokk Holm skreiv i eit innlegg (HA og HD 30. januar 2017) at han ser mørkt på ein delt by som ein vil få, viss stasjonen blir lagt til Vikingskipet. Han meiner Hamar kan bli ein av dei mest attraktive byane på Austlandet viss stasjonen får liggja der den ligg. Å flytta stasjonen vil kunne skape store problem for ei moderne utvikling i sentrum, og gjera Hamar marginalisert.

Nå som kulverten kan bli liggande så djupt, er situasjonen ein heilt annan enn i 2017. Nå kan byen velje eit alternativ som både gir stasjon i sentrum og god mjøskontakt. I 2017 gjekk kulverten altfor høgt, no kan vi få ein stasjon med spor som ikkje går langs Mjøsa frå Victoriaundergangen og vidare nordover. Det er mykje å tape på sjansespelet med å plassere ein stasjon ved Vikingskipet.

Med den senka kulverten Bane Nor la fram i juni 2017, var kulverttaket ca. to meter over fortauet i Strandgata, ein meter høgare enn sikkert nivå for200-årsflom (127,1 m), og Hamarbukta var fylt opp. Med den ytterlegare senkinga Eide no har presentert, kan kulverten koma godt under sommarvasstand vest i Hamarbukta, maks høgde ein meter over fortauet utafor Victoria, og den kan gi eit ope sund inn til bukta.

Slik blir utsikta mot Helgøya utvida, Koigen vil bli mykje større, all lyd av godstog vil vera borte vest for Victoriaundergangen, og Hamar får både mjøskontakt og ein framtidsretta sentralt plassert stasjon.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke