Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
Mobbing: Det er støtt mange mot ein.
Illustrasjonsfoto: SCANPIX
 
Mobbing og foreldreinnsats
Eg har sjølv vori mobba på skulen, og eg har vori på vakt når det gjeld ungane mine. Det eg da møtte av uforstand, er nesten ufatteleg.

Publisert: 07.jan.2016 04:00
Oppdatert: 07.jan.2016 08:33

Ein gong måtte eg gå med på at det skulle bli kopla inn ein psykolog i samband med eine sonen min – men eg var diverre heilt viss om at det var overlæraren og skulemiljøet det var noko gale med og ikkje gutungen.

Eg hadde observert guten i mange forhold og sett at han var sosialt dyktig. Men når eit bygdesamfunn har avgjort at visse grupperingar skal ein halde utafor, visse folk skal bli mobba, så er det ikkje enkelt. Da kan guten vera så sosialt dyktig han berre vil, i skulegarden får han det likevel vondt. Vi bytta skule, og der gjekk det betre.

Det grøsser i meg når eg ser at folk kan tenkje seg å sikte ei mor for «omsorgssvikt» når jenta har blitt mobba. Skjønar folk ingenting om kva mobbing kan gjera med menneske? Dersom mor ikkje hadde gjort noko og jenta hadde teki livet av seg på tradisjonell vis (som enkelte mobbeoffer har gjort), da ville dei ikkje tala om omsorgssvikt, for da hadde ungen jo gått på skulen, og det offentlege har så inderleg god evne til å sjå sine institusjonar og sine tilbod til ungdomen som heilt ufeilbarlege. Den som har det verst no, er mor, og så hentar ein fram den drepande glosa «omsorgssvikt».

Det er etter mitt syn noko grunnleggjande gale i heile skuleopplegget og heile tankegangen. Eg hugsar debatten den gongen ein ville spara pengar på å laga større skular. Enkelte forsvarte grendeskulane sine med nebb og klør – men det skulle jo vera så mykje betre tilbod i dei store skulane. Aslaug Høydal skreiv ei bok om miljøendringa når ungane kom på samleskulen.

«Dyr last» heitte boka, og eg hugsar så vel oppslag i eit blad eller ei avis der eit par skulefolk stod og fortalde at dei kjende seg ikkje att. Men den som sjølv har vori mobba, veit kor lang tid det tek før dei vaksne ved skulen skjønar teikna. Og det var mykje i boka hennar Aslaug Høydal som eg kunne kjenne att.

Så påstår vår tids menneske at ein veit så mykje meir no enn før. Og så har vi jo alle desse instansane. Barnevern, barneombud, skulepsykologar. Diverre har eg sjølv opplevd at psykologi ikkje treng å vera til hjelp for eleven som blir mobba, snarare tvert imot. Og det som flyt kring i samfunnet av halvkunnskap i psykologi, er verre enn verst. Særleg dei som så vidt har smakt på psykologi eller har lesi det som blir servert av «psykologi for hvermann», kan vera utruleg raske til å setja diagnose. Og det går gjerne ut over den som er mobbeoffer, ikkje dei som mobbar.

Eg trur det er ein ting folk gløymer av og til. At når det gjeld mobbing, er det støtt mange mot ein. Og dei som er mange, har trening i å framstå som om dei er «normalen». Om dei verkar heilt normale når dei hamrar laus på sjølvrespekten til ein einsam klassekamerat, er noko heilt anna.

Apropos mange mot ein: Kva med den stakkars mora i dette tilfellet? Kan ho også kjenne seg som mobbeoffer no?

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke