Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
 
Morosamme saker

Publisert: 02.okt.2018 13:44
Oppdatert: 02.okt.2018 14:03

Eg får ei melding, og her er noko av teksta: «Jeg er medlem av en internasjonal hackergruppe. Som du sikkert kunne ha gjettet, ble kontoen din hacket fordi Jeg sendte en melding til deg fra kontoen din. Innen en periode - - - ble du smittet av viruset vi har opprettet, gjennom et voksent nettsted du har besøkt. Vi så og registrerte dine rangel på porno nettsteder. Din smak er så rar, du vet - - - »

Har eg nokon gong vori på «porno nettsteder» har det ikkje vori avdi eg har slegi opp der med vitande og vilje. Men det har hendt at eg har prøvd å google noko i historie og så endt opp på heilt galen plass. Ikkje hugsar eg om det hadde noko med porno å gjera, eg vart berre irritert over at det ikkje var det emnet eg var ute etter å lære meir om.

Eg er ikkje synderleg «bevandret» i det eg kallar «misbruk av PC og internett». Men når eg kopierte den adressa eg fann og som skulle føre meg til ein artikkel om historiske emne, og så fann noko heilt anna, så var det jo ikkje med vitande og vilje eg landa der.

Vel. Eg interesserte meg altså så lite for den sida at eg no ikkje kan vera viss på at det var porno det galdt. Det var berre noko heilt irrelevant. Eg vart irritert over ikkje å finne dei historiske opplysningane eg venta å finne – og lukka sida med ein gong.

Så vidt eg hugsar, var dette einaste gongen eg har komi «feil» når eg har leita etter historisk kunnskap på internett. Så kjem fjolleriet om «rangel på porno nettsteder». Bevarra-mæ-væl!

For øvrig kan eg melde at eg aldri har hatt bruk for porno. Eg sluttar meg heilt til salmediktaren sine ord:

Jeg ved min sengestokk

Har mer enn glede nok - - -

Kva skal ein med porno når ein har «mer enn glede nok»?

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke