hacklink
18. sep
 
«Mye skal en høre før øra dett av»

Publisert: 02.mar.2017 14:32
Oppdatert: 02.mar.2017 14:44

«Mye skal en høre før øra dett av!»

... sa det inni meg da eg las følgjande setning om skulestrukturen i Stange:

««Skolens betydning i grendesamfunnet kan ikke vektlegges på bekostning av elevenes læringsmiljø og læringsutbytte,» hevder flertallet i arbeidsutvalget.» Dette skal vera argumentasjon for å flytte «æspinga» over til Tangen skule. I klartekst: Ungane skal få betre læringsmiljø og læringsutbytte ved å bli flutt frå Espa til Tangen.

Orsak, er det verkeleg nokon som trur at di fleire elevar det eksisterer på ein skule, di betre er «læringsutbyttet»? At læringsutbyttet automatisk blir større berre det blir fleire elevar i klassa og meir uoversiktleg både for elevar og lærarar? Eg undrast verkeleg kvar denne idéen har komi frå.

Kan eg få minne om den gamle skilnaden på byskular og grendeskular? Eg hugsar når eg som skuleelev sat og lytta til praten mellom lærarar eg kjende. Eg oppfatta den gongen at dei såg det som heilt sjølvsagt at ungar på bygdeskular kunne meir. Det opplevde eg også som ein realitet da eg kom frå Brandengen i Drammen og til Tangen. Da flutte eg altså frå ein byskule til ein bygdeskule. Dei fyrste dagane var eg heilt imponert av kor mange i klassa som kunne svara på spørsmåla som læraren stilte.

I Drammen hadde det vori mange klasser på kvart trinn. Og den ni-skravlinga som klassa mi dreiv medan det vart undervist, var sikkert ikkje god for «læringsutbyttet». Det var, hugsar eg, særs enkelt – og raskt gjort – å nemne opp «dei flinke» i klassa. Da eg kom til Tangen, fekk eit inntrykk av at fleirtalet av klassa faktisk var av dei som kunne leksa. Litt av eit sjokk.

Setninga som går ut frå at læringsutbyttet er større på store skular enn på små, er difor heilt sprø for meg. Om eg ikkje skal karakterisere det som eit hokus-pokuseri. Dei vil så gjerne tru på ein automatikk i dette: Lag store skular – og elevane lærer meir!

Er det ikkje berre spare-tankegang som ligg under? Også ønskje-tenkjer ein seg til at di meir ein sparar, di flinkare blir elevane..

Så naivt! Det er nok mange ting som skal til for at elevane får eit godt kunnskaps-grunnlag. Men eg kan i alle fall av eiga røynsle fortelja at: Ein lærer ikkje betre og ikkje raskare når ein har det vondt på ein skule med høgt aggresjonsnivå mellom elevane. Og det har lett for å vera høgare aggresjonsnivå på store skular enn på små.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke