buy Instagram followers
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
istanbul evden eve nakliyat
hacklink
paykwik
justin tv
paykasa paykwik
20. okt
 
No har vi rydda stranda - og kva så?

Publisert: 04.jun.2018 07:45
Oppdatert: 04.jun.2018 08:24

Då snøen smelta i vår, blei alt søppelet vi har kasta frå oss det siste halvåret veldig synleg. Dette er ikkje noko nytt, for det skjer kvart år. Likevel har bilete av lidande dyr, til dømes plastkvalen på Sotra, gjort fleire medvitne om kor stort dette problemet er. Ikkje minst har kunnskapen om mikroplast og følgjene for livet i havet opna augna til folk.

Mange ønskjer å gjere sitt for å bidra. Strandryddeveka i mai hadde rekordoppslutning, og området frå Tjuvholmen til Domkirkeodden blei rydda av privatpersonar. Kjempebra! Dette er ei konkret miljøsak der det er lett å få auge på problemet, og det er tilsynelatande lett å gjere noko med det. Dessverre vil det stadig dukke opp nytt søppel, same kor godt vi ryddar.

5. juni er verdas miljødag, og plast er årets tema. Samtidig som vi ryddar opp i gamle synder og samarbeider internasjonalt, er det viktig å hindre at enno meir av vårt eige søppel her i Noreg hamnar i naturen. Det er eit ansvar kvar av oss må ta, men ikkje minst er det eit politisk ansvar.

SV på Stortinget foreslår denne våren ei rekkje konkrete tiltak for kva Noreg kan gjere i kampen mot plastforureininga. Vi ber mellom anna regjeringa greie ut eit forbod mot visse eingongsartiklar i plast, og vi utfordrar regjeringa til å innføre pant på all plastemballasje som blir brukt til drikke. I kommunen bør ein leggje meir til rette for kollektivtransport, gange og sykkel, og ein må få på plass ein plan for å hindre utslepp av mikroplast frå kunstgrasbaner og båtpussing.

Det har tatt altfor lang tid å erkjenne at naturen ikkje er nokon søppelplass. Takka vere engasjementet til folk, står problemet no høgt på den politiske dagsorden. SV tar kampen for ei meir miljøvenleg framtid.

Leiar i Hamar SV

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
evden eve nakliyat