16. sep
 
Nokre språkfakta

0
Publisert: 29.apr.2015 04:00
Oppdatert: 29.apr.2015 07:28

Bjørn Kristen Ørbæk skriv igjen om dialekter og skriftspråk (HA 27. april) – dessverre med mange faktafeil. Nynorsk er ikkje ei framand dialektnormering, men eitt av dei to norske skriftspråka og eit tverrsnitt av alle dialektene. Bokmål er opphavleg dansk, som ein kan sjå på som ei nordisk dialekt. Det blei først tilpassa såkalla «danna daglegtale», som var danskpåverka bymål. I ettertid blei det normert i samsvar med samnorsktanken, slik at det i dag står fram som eit norsk skriftspråk.

Argumentet om at nynorskelevar har ein fordel ved å kunne bruke sitt «særspråk» i skolen, er like godt eller dårleg som å seie at bokmålselevar har ein fordel ved å kunne bruke sitt særspråk. Når skriftspråk øydelegg for dialektene, går dette begge vegar.

Kva er «tvangspolitikk»? All politikk er frivillig i den grad ein kan påverke politikken gjennom det demokratiske systemet. Ein kan også sjå på politikk som tvang dersom ein er ueinig i det som er vedteke som lov.

Ørbæk påstår at målfolk ikkje vil gje plass til norske dialekter og språkleg mangfald. Fleip eller fakta?

Ørbæk meiner at vestlendingar har ein fordel gjennom å bruke nynorsk, men samtidig påstår han at det naturlege skriftspråket for vestlendingar (og andre) er bokmål. Kva skal ein seie til det?

Ørbæk skriv at bokmål har utvikla seg gjennom lang tid. Nynorsk blei til rundt 1850 og har faktisk vore i bruk i lengre tid enn bokmål, som ikkje fjerna seg særleg frå dansk før ut på 1900-talet.

Kva er faktagrunnlaget for at bokmål «utvilsomt er det språk som lettest blir forstått i Norden»? Kva for eit vedtak har Språkrådet «nylig» fatta «om en omfattende frihet i valg av radikale og moderate former»? Rettskrivingsreforma for bokmål var i 2005. Det er ti år sidan. Det er vel litt sært å kalle dette for «nylig»?

Hamar dialekt- og mållag

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke