23. okt
 
Norges beste matjord

Publisert: 31.okt.2016 16:03
Oppdatert: 31.okt.2016 16:03

Det er med stor undring eg les innlegget av Trond Kjernli 13. oktober. Eg må seia at eg mange gonger har lese hans innlegg med stor interesse, og han har hatt nye synspunkt å koma med. Men i dette innlegget har eg vanskeleg for å ta han alvorleg. Anten fleipar han, eller så avslører han seg som ein gamaldags «kraftsosialist».

Han meiner Åkersvika alt er øydelagt som naturreservat på grunn av at E6 vart lagt gjennom «indrefileten», og at det har gitt reservatet banesår. Eg var også imot utbygginga der i si tid, men fekk Vika banesår? Viss fuglane kunne tale, fekk vi vel svar på det, men det må vel også finnast vitskapeleg basert informasjon?

Eg trur Kjernli vil gjera det lett for seg å gå inn for dobbeltspor i Aust ved å argumentera slik. Vika er ikkje noko meir verdt, så skit la gå.

Den same haldninga viser han til matjorda vest for E6. Den er no berre som ei trafikkøy å rekna, og jorda er gjort ubrukeleg til matproduksjon på grunn av trafikken. Eg har ikkje talet på kor mange mål Børstad, Kluke og Tommelstad er til saman, men dei er for meg store og staselege gardsbruk. Viss han reknar dette som små trafikkøyer som det berre er å byggja ned, vil han ikkje gå tom for byggetomter på «trafikkøyer» med det første.

Og meiner han berre vestsida av E6 er ureina av biltrafikken? Austsida må vel vera like ille? Og både i heile Ringsaker, Hamar og Stange? Det finns dessutan tallause andre vegar med sterk trafikk. Eg veit omgrepet kraftsosialist kjem frå haldninga til vasskraftutbygging, men det er også kopla til ei haldning om at byane må få veksa fritt, og slik skapa billege bustader og nye arbeidsplassar. Men kan det fortsetta slik til evig tid?

Bør ikkje vi som bur midt i matfatet, og som kanskje er den første generasjonen som har fått sjå at denne nedbygginga foregår over heile kloden, byrja å sjå nærare på våre automatiserte tankegangar? Skal det vera ei evig sanning at byane berre må få veksa seg utover matjorda som omgir dei, og at småbyane alltid skal konkurrera om å bli størst? Kan ein by eksistera utan å veksa? Eg skjønar at da blir det ikkje fleire til å bera byrdene, men det blir da heller ikkje fleire å bera?

Her hadde eg gjerne sett at den skarpe tenkjaren Trond Kjernli hadde kome med nye tankar, ikkje berre gulpa opp vedtekne sanningar frå gamle dagar. Og ikkje all argumentasjon for val av dobbeltspor i aust, er gode argument. I Hamar er vi så heldige at kan vi velja andre trasear for dobbeltsporet, som skadar verken matjord eller naturreservat.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke