17. sep
 
Norske verdiar og den kristne kulturarven

Publisert: 11.aug.2017 10:23
Oppdatert: 11.aug.2017 10:26

Vi opplever at stadig fleire politikarar kjem ut på arenaen og gjer seg til talspersonar for ein spesifikk norsk kristen kulturarv. Det er mest som ein ikkje trur det!

Her er det tydelegvis eit «tomrom» som må fyllast. Spørsmålet er kva fyller dei det med?

Å gje uttrykk for at samfunnet vårt må verna om norske verdiar og den kristne kulturarven gir gjenklang hjå mange som er uroa over at vårt fleirkulturelle samfunn står i fare for å miste fundamentet.

Det er god grunn til å spørje om det er slik? Men kva skal vi svare?

Når kristne verdiar vert presentert som eit mantra er det heilt utan verdi om det ikkje vert følgd opp i dagleg politisk arbeid. Desse verdiane gjorde sitt inntog her i landet for over 1100 år sidan!

Sakte voks dei fram til å verta dei bærande verdiane i samfunnet vårt, og no kan vi med rette snakka om ein tusenårig arv.

Vi i KrF presenterer tre verdiar som heilt grunnleggjande for vår kristne kulturarv:

Menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik. Desse verdiane har vore vegvisarar gjennom skiftande stemningar og trendar.

Dei viste veg då solidaritetsarbeid og nestekjærleik kom til syne gjennom sjølvoppofrande teneste utanfor eigne landegrenser for 170 år sidan, ei frukt av mange impulsar, ikkje minst frå Hans Nielsen Hauge!

Dette er langt meir enn hundre år før noko statleg U-hjelp kom på det politiske kartet!

Vi kan altså ikkje sjå at desse verdiane er spesielt norske, slik mange synest å meine! Det er direkte historielaust å hevda noko slikt.

Desse verdiane har kome til oss. Impulsane kom til vårt land frå kulturar i Midt-Austen og Europa generelt, og England spesielt.

Dei gjorde ein ende på grufulle skikkar som utsetjing av jenteborn og funksjonshemma guteborn, grove krenkingar av kvinner og slavar i det vi kjenner som det antikke Hellas og Roma, men og frå eige land.

Hjå oss var blodhemn ein akseptert straffereaksjon. Då kristendommen fekk fotfeste her i landet fekk det og reelle konsekvensar for korleis Noreg skulle styrast.

Nei, noko spesielt norske er ikkje desse kristne verdiane, men at dei omforma samfunnet vårt er heilt sikkert.

KrF sitt motto: «Menneskeverdet i sentrum» er eit uttrykk henta frå den kristne kulturarven.

Stortingskandidat Hedmark KrF

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke