buy Instagram followers
paykwik bozum
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
justin tv
paykasa paykwik
Kayseri escort bayan
sirinevler escort beylikduzu escort atakoy escort sisli escort atakoy escort sisli escort sirinevler escort beylikduzu escort beylikduzu escort
ankara escort ankara escort bayan
14. okt
 
Om skriftspråket

Publisert: 14.nov.2016 13:01
Oppdatert: 14.nov.2016 13:01

Bokmål og nynorsk er dei to skriftspråka vi vanlegvis bruker når vi kommuniserer skriftleg. Dei fleste av oss skriv ikkje så mykje på dialekt, og det er heller ikkje alltid så lett å vite korleis ein skal representere tale i skrift.

Skriftspråka våre er normerte. Det tyder at ein har blitt einig om måtar å skrive på, som i mange tilfelle kan avvike frå måten ein uttaler orda på. På norsk skriv ein «restaurant» mens ein på svensk skriv «restaurang». Den svenske skriftforma er altså meir i samsvar med uttalen. Det same gjeld for bokmål «hvem» og svensk «vem».

Vi skriv både «det», «huset», «de», «glad» og mange andre ord på ein måte som ikkje representerer uttalen korrekt, og vi lever relativt godt med det. Det er mykje større avvik mellom tale og skrift i engelsk, t.d.: «breath, breathe, break, brake, breach».

Skriftspråk representerer som regel ikkje éi dialekt (sjølv om dei kan ta utgangspunkt i ei dialekt med status), men er kompromiss som gjer det lettare å kommunisere på tvers av dialekter. Nokre dialekter kan liggje tettare opp mot det offisielle skriftspråket, mens det kan vere større avstand til andre.

Eitt av dei mest frekvente daglegdagse orda er kanskje «eg», som på bokmål blir skrive «jeg». Eg personleg seier «æ». Når eg bruker skriftspråk, vil eg skrive «eg», og folk vil som regel skjønne kva eg meiner. Når eg bruker bokmål, skriv eg «jeg». Men det er lite truleg at det finst éin einaste person i Noreg som heilt naturleg ville bruke forma «jeg» med g i talemålet sitt. Likevel har ein ingen lange og emosjonelle avisdebattar om dette ordet.

Skriv eg på nynorsk at ein hedmarking vil kunne seie at han eller ho er frå Noreg, finst det folk som hissar seg opp og skuldar meg som språkvitar for å servere «tøv» og «vas», sidan ingen hedmarking faktisk ville seie «Noreg». Eg kunne heilt sikkert som nordlending ha skrive på bokmål at «jeg snakker nordlending» utan at nokon hadde reagert – sjølv om dei fleste i Nord-Noreg seier e, eg, æ eller æg.

Når eg i det siste har skrive om grenser, er det nettopp dette eg har prøvd å problematisere. Eg er ein fagperson med 25 års erfaring frå språkvitskapen. Likevel er det stadig enkeltpersonar som ønskjer å «ta meg» på eitt eller anna for å få utløp for sine traumatiske opplevingar med nynorsk. Eg underviser i norsk språk og prøver å forsvare begge målformene, men likevel treng nokon ein syndebukk som dei kan skyte på. Dette fenomenet er kjent frå mange historiske situasjonar.

Eg er kanskje litt som Sokrates, som gjekk rundt og prøvde å få folk til å reflektere. Kanskje eg må stå på Stortorget med eit giftbeger i handa ein dag. Men, som Sokrates sa: Eit liv utan refleksjon er ikkje verdt å leve.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
Şehirlerarası evden eve nakliyat