23. okt
 
Opplandene

Publisert: 02.nov.2017 13:37
Oppdatert: 02.nov.2017 14:06

For ordens skyld, innlegget mitt om ordforma Opplandene i HA 31. oktober var meint som ei saksopplysing frå meg som språkvitar og ikkje som eit politisk innlegg frå meg som privatperson for eller imot nokon av namneforslaga for den nye fylkeskommunen. Dette er også grunnen til at eg ikkje har diskutert nokon av dei andre aktuelle forslaga.

Eg har fått med meg at Opplandene er eit aktuelt forslag, og då meinte eg det var viktig å peike på at akkurat denne ordforma nok ikkje er «valbar» ut ifrå dagens språk- og namnepolitikk. Ein kan velje den tilsvarande forma Opplanda, eller ein kan også vurdere Oppland og Opplandet, dersom ein absolutt vil velje eit fylkesnamn som på éin eller annan måte har Oppland i seg.

Sidan språk og namn også er identitet, haldningar og personlege preferansar, veit eg at dei alternative ordformene vil kunne vere vanskelegare å akseptere for nokon. Derfor bør ein først finne ut kva for ei form som ein reint formelt ville kunne velje, før ein byrjar å stemme på konkrete namn eller ordformer som ikkje ville vere aktuelle i den vidare saksgangen.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke