buy Instagram followers
paykwik bozum
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
justin tv
paykasa paykwik
Kayseri escort bayan
sirinevler escort beylikduzu escort atakoy escort sisli escort atakoy escort sisli escort sirinevler escort beylikduzu escort beylikduzu escort
ankara escort ankara escort bayan
14. okt
 
Oppvekst og språk, to sider av same sak
Forskingsdagane 2018 har temaet «oppvekst». Når det gjeld oss menneske, kan ein nesten seie at oppvekst og språk er to sider av same sak.

Publisert: 18.sep.2018 15:33
Oppdatert: 18.sep.2018 15:39

Allereie mens barnet veks i magen til mor, blir det eksponert for lydar frå utsida. Talemelodien til mor og andre nære personar legg det første grunnlaget for at også språket kan byrje å vekse.

Vi blir ikkje fødde med eit ferdig utvikla språk. Derimot reknar ein med at vi blir fødde med ei evne til å lære språk. Denne evna kan kanskje samanliknast med eit frø. På same måte som eit plantefrø ikkje vil byrje å vekse utan vatn og næring, vil ikkje språket byrje å vekse utan språklege stimuli utanfrå.

Det er det språklege miljøet rundt barnet som bestemmer kva slags språk som byrjar å vekse i hjernen. Som oftast blir barnet mest eksponert for språket til mora og andre nære personar. Derfor kallar ein dette språket gjerne for «morsmål». Livet kan vere meir variert og nyansert, og ein bruker då helst den meir nøytrale termen «førstespråk».

Det er til dømes ikkje uvanleg at mor og far pratar ulike språk. Barnet vil då kunne vekse opp med to førstespråk samtidig. I mange kulturar kan barn bli eksponerte for enda fleire språk, og alle desse vil då kunne vekse parallelt i hjernen til barnet. Kvaliteten på dei ulike språka vil sjølvsagt vere avhengig av kor mykje næring dei får, dvs. kor ofte ein blir eksponert for dei, og kor mykje ein får praktisert desse språka i kvardagen. Dersom ein plantar fleire ulike plantefrø, vil også desse kunne vekse parallelt. Men det føreset at dei har god nok plass, og at dei ulike plantene får den næringa dei treng.

Når det gjeld oppveksten til menneske, reknar vi gjerne med at vi er fullt utvaksne og modne ein stad i tjueåra. Når det gjeld måten språket veks på, ser det ut til at dei fleste får større problem med å lære seg fleire språk, såkalla andrespråk, etter puberteten. «Språkfrøet» har mista mykje av krafta, og ein treng mykje meir næring og innsats for å få eit nytt språk til å vekse. Nokon vil føle at nye andrespråk prøver å vekse på steingrunn. Uansett kor mykje ein puggar gloser og grammatikk, vil ingenting feste seg.

Skolen er ein del av oppvekstmiljøet til barna. Her skal barna blant anna lære å lese og skrive og uttrykkje seg munnleg. Denne prosessen kan samanliknast med kultivering av planter. Barnet har allereie lært ein individuell måte å prate på, men no skal det lære å tilpasse den munnlege talen til ulike situasjonar, og lære å overføre tale til skrift ut ifrå storsamfunnet sine normer.

I Noreg har ein hatt minst to kulturelt motiverte skriftspråk sidan slutten av 1800-talet. Men desse to skriftspråka har ikkje dei same vekstvilkåra. Begge treng nok næring – tidleg – i oppveksten.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
Şehirlerarası evden eve nakliyat