buy Instagram followers
paykwik bozum
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
istanbul evden eve nakliyat
hacklink
buy instagram followers
justin tv
paykasa paykwik
18. okt
Ulv: Rovdyr til besvær.
Foto: Trond Lillebo
 
Rovdyr er til besvær
Ja, slik opplevast det av alle dei som under tida har gjeve uttrykk både for og i mot.

Publisert: 07.des.2015 04:00
Oppdatert: 07.des.2015 09:58

Ein fornuftig og realistisk tanke i denne samanheng ser ut til å vera på avstand frå realitetane som fylgjer rovdyrfaunaen. Frittlaupande rovdyr er skadevalderar overalt i faunaen, men verst er dei store rovdyra. Derfor er det bandtvang for hundar. Dei store hundane er tredje og fjerde generasjonar ulv.

For bare 5–6 år sidan gjekk hund til angrep og drap eit barn her i område. Eit par år seinare tok hunden ein skulegut og angrepet vart fullbyrda, guten vart drepen. Dette er hundar som skulle vera domestiserte. Kva då med ulven som ikkje er domestisert og har blodtørsten heilt opp i svelgjet til kvar tid, og opplevar varmt rennande blod som verdens beste mat? Med tanken på å verna dyr i den norske faunaen, vart det lagt fram eit forslag i Nord-Østerdal Bygdemiljøforeining.

I styret og medlemsmøte samrøystes godkjent og oversendt Folkeaksjonen Ny Rovdyrpolitikk. Dette forslaget gjekk ut på at rovdyra skulle takast hand om i innhegningar. Åtte slike, ein i kvar rovdyrregion. Ei innhegn for kvar av dei store; bjørn, ulv, gaupe og jerv. Saka vart først avvist av sekretæren i folkeaksjonen. Men lokallaget som frivillig hadde arbeid for folkeaksjonen sendte saka inn på nytt til folkeaksjonen, til årsmøtesak.

I årsmøtet fekk me høyra at innhegning av ville rovdyr ikkje var Folkeaksjonen Ny Rovdyrpolitikk sin politikk. Saka vart fremja til avrøysting og fall. Dermed såg mange at folkeaksjonen ikkje var den organisasjonen som bygdene kunne trygga seg til. I ettertid ser me svert lite frå folkeaksjonen i tilfeller der dei burde vera på hogget når hendingar i store dyretap som fylgje av rovdyr.

Det er også sterkt å klaga over ei lemfeldig erstatning, og den terroren som mange opplever med avkorting av erstatning. Det er også skjedd direkte hån mot dyreeigarar som har opplevd avkorting og jamvel avvisning av rett til erstatning. No lovar regjeringa at det skal bli nye reglar og grep i rovdyrsituasjonar, kva dette vil innebera er spennande å sjå. Tapsansvaret ligg hos dei ansvarlege myndigheitene og administrasjonen. Det er ikkje tvil om det.

Det er uttrykt lovnad om dette no i haust, og at det skulle fram i Stortinget i slutten av 2015, litt seinare vart det sagt januar 2016! Tida går og det som skjer er viktig for alle oss som bur i bygdene, og arbeidar med husdyr, reindrift og jakt. Det er mange som bur i byane og som likar å koma i kontakt på bygdane som ser på rovdyr som ei plage. Eg vonar at Stortinget tek fornuftige vedtak og fører denne saka til ei betre ending.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
evden eve nakliyat