23. okt
GJØR DET BRA: Ei positiv og løysingsorientert vertskommune, slik Røros er, har vore avgjerande for Kulturminnefondet, skriv Simen Bjørgen. foto: simen bjørgen
 
Utlokalisering funker
Distriktspolitikk: Dei siste dagane har vi sett ein ny debatt om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Publisert: 17.okt.2017 09:57
Oppdatert: 17.okt.2017 10:30

Landbruksdirektoratet skal flyttast frå Oslo til Steinkjer.

Som ved tidlegare høve er protestane og motargumenta mange. Kulturminnefondet har 15 års røynsle med å utvikla ei landsdekkande verksemd med base på Røros. Erfaringane er berre gode.

Kulturminnefondet er ein statleg organisasjon, direkte underlagt Klima-og miljødepartementet. Vårt oppdrag er å forvalte ei statleg tilskotsordning, retta mot private eigarar av verneverdige kulturminne.

Vi bidrar med fagleg støtte og økonomisk hjelp, for å sikra viktige kulturminne for framtida. Vi har dei siste åra opplevd ein stor søknadsvekst. Det er gledeleg å sjå at så mange vil ta del i arbeidet med å sikra kulturarven vår.

Resultata av Kulturminnefondets etablering har dei siste åra vore vorte grundige evaluert. Både By- og regionforskningsinstituttet (NIBR) og Menon Economics har lagt fram omfattande analyser, som konkluderer med at Kulturminnefondet når definerte målsettingar.

La oss difor sjå nærare på nokre kritiske suksessfaktorar, som har vore avgjerande for utviklinga.

Røros har etablert eit viktig nasjonalt fagmiljø innan kulturminnevern. Som verdsarvstad med universelle verdiar kviler det store oppgåver på Bergstaden i Fjellregionen. Både Rørosmuseet, Bygningsvernsenteret og Røros kommune er sentrale partar i utviklinga av fagmiljøet, som har avgjerande verknad for Kulturminnefondet.

Fondet handsamar i dag dobbelt så mange søknader som for fire år sidan. Det skjer utan auka ressursar til søknadsbehandling.

Ved å arbeida smartare og meir målretta har administrasjonsutgiftene pr. søknad vorte halvert dei siste åra. Våre siste brukarundersøkelsar viser god tilfredsheit med tenestene Kulturminnefondet yter.

Det er redda over 4000 kulturminne på landsbasis med støtte frå Kulturminnefondet. Det er i tillegg rundt 1200 prosjekt der restaurering pågår.

Ein annan viktig effekt er at kulturminne som tidlegare berre sto til forfall, ofte endrar tilstand til ein bruk etter istandsetting. På den måten får både eigaren og samfunnet glede av kulturminnet. Vern gjennom bruk er rettesnora for forvaltninga.

Ei positiv og løysingsorientert vertskommune, slik Røros er, har vore avgjerande for Kulturminnefondet. Kommunane i Fjellregionen har også eit godt interkommunalt samarbeid, som betyr mykje for oss.

For å fylgje opp prosjekt over heile landet er Kulturminnefondet avhengige av gode kommunikasjonar. Røros har godt utbygd kollektivtilbod med både buss og tog.

Det viktigaste for oss er likevel flyruta. Flyplassen ligg i gangavstand frå sentrum, med godt i rutetilbud, og forbindelse til andre delar av landet. Utan dette kunne ikkje Kulturminnefondet vore lokalisert til Røros.

I løpet av dei fire siste åra er den økonomiske ramma til Kulturminnefondet over Statsbudsjettet dobla.

Det fører til at vi kan hjelpe langt fleire eigarar av verneverdige kulturminne i gang med sine prosjekt. Det er gledeleg, da interessa for å vøle kulturminne aldri har vore større enn i dag.

Utlokalisering av statlige arbeidsplassar kan vere eit godt verkemiddel for å utvikle sterke kompetansemiljø også i distrikta.

Kulturminnefondets erfaringar er svært gode, og NIBR konkluderer med at dei ikkje ser nokon grunn til å foreslå sentralisering eller endra organisering eller lokalisering for Kulturminnefondet.

Vi bidrar gjerne med våre erfaringar til dei som måtte ha interesse av dette.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke