buy Instagram followers
paykwik bozum
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
justin tv
paykasa paykwik
Kayseri escort bayan
sirinevler escort beylikduzu escort atakoy escort sisli escort atakoy escort sisli escort sirinevler escort beylikduzu escort beylikduzu escort
ankara escort ankara escort bayan
15. okt
Tog: Vi treng ei løysing for kvar jernbanesporet gjennom Hamar skal gå no, skriv Aud Hove.Foto: Christian E. Bergheim
 
Vi treng ei jernbaneløysing for Hamar no!
Jernbane: Det er ulike meningar om kvar stasjonen i Hamar skal ligge. Derfor er det viktig med ein tydeleg stat.

Publisert: 26.jul.2019 11:46
Oppdatert: 26.jul.2019 12:11

Senterpartiet meiner det må til ei større satsing på tog enn vi har i dag. Gode kommunikasjonsårer er avgjerande for utviklinga og moglegheitene som Hedmark og Oppland har til å skape gode lokalsamfunn og arbeidsplassar. Ikkje minst i eit klima- og miljøperspektiv må det til ei satsing på utbygging av jernbanen for å få fleire togavgangar og meir gods over på bane.

HA melder 2. juli at jernbanedirektør Kirsti Lovise Slotsvik seier dei ikkje har pengar til planane det har vore jobba med lokalt på Austlandet for å finne løysingar for nye jernbanestasjonar og byutvikling i fleire byar. Her har det vore lagt ned mange timar med arbeid, brukt mykje pengar og skapt mange utfordringar, konfliktar og forventningar for noko som kanskje ikkje blir noko av?

Det er bra at staten alltid siktar inn på å bygge mest mogleg økonomisk, men det er også viktig at vi finn løysingar som held seg langt inn i framtida. Den norske jernbanen vart utbygd for over 150 år sidan, og dei nye løysingane bør kunne halde 150 år. Da må ein planlegge både heilheitleg og langsiktig. Gode lokale prosessar og løysingar er avgjerande for at dette skal lykkast.

Olemic Thommesen (H) skreiv i GD 8. juli at ved å konkurranseutsette jernbanedrifta ville dette frigjere milliardar til utbygging av dobbeltspor. No ser det ut til at dei skal kutte i løyvingane? Han skriv at Høyre er glad og stolt over ein offensiv jernbanepolitikk som skal styrke jernbanetilbodet samtidig som det gjev store innsparingar for staten. Han påpeikte at Senterpartiet og dei andre opposisjonspartia vil minst fordi vi kritiserer både opprettinga av Nye veier AS og det han kallar reformering av jernbanesektoren. Da blir det underleg at Jernbaneverket ikkje har midlar til å gjennomføre planane for blant anna InterCity-utbygginga på Austlandet.

Eg vil påstå at det Høyre kallar reformering er ei ansvarsfråskriving. Dei legg planlegging og avgjersler ut til selskap og direktorat i staden for å ta tak og byggje ein jernbanesektor for framtida. For å bygge meir veg var svaret å opprette Nye veier AS. Vil vi no få «Nye skinner»? Ved å dele opp og fragmentere både drift, vedlikehald og planlegginga av nye trasear og spor, er eg redd dette vil gje halvgode løysingar som ikkje vil føre til den utviklinga som er nødvendig for ei robust og framtidsretta jernbane for Hedmark og Oppland.

Vi treng ei løysing for kvar jernbanesporet gjennom Hamar skal gå no. Dette må på plass for fullføringa av InterCity-utbygginga fram til Lillehammer. Det er ulike meiningar om kvar jernbanestasjonen skal ligge, og derfor er det enda meir viktig med ein tydeleg stat som tenkjer overordna og langsiktig. Samtidig må ein ha dei lokale prosessane som grunnlag. Det er ikkje nødvendigvis den billigaste løysinga som blir den beste. Ingen meiner at ein skal bruke meir pengar enn ein må, men av ingenting blir det heller ikkje noko.

Spørsmålet blir korleis regjeringa tenkjer at dette skal løysast? I fylgje Thommesen og Høyre er det frigjort milliardar til planlegging og utbygging av jernbanen. Korleis kan det da ha seg at Bane Nor ikkje har midlar til å gjennomføre planane sine for utbygging av jernbanen?

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
Şehirlerarası evden eve nakliyat